Thursday, November 12, 2009

Det vert folk av dei som ikkje hugsar OL 94 også

Ein stad mellom interessa for Manga-teikneseriar, World of Warcraft og samuraisverd går veslebror min hen og skaffar seg kompisar som reiser på feministcamp. Det er så flott å sjå ungdomen vekse opp, frå kvisete gutar med hånda i lomma, til vaksne menn med fast handtrykk og høfleg uttale. Eg så stolt som ei storesøster kan bli.

Oppservasjoner

I dag har jeg sett:
- Mange plakater
- En død due
- En bokhylle der bøkene var sotert etter farge
- En som jeg vet om som tilfeldigvis bodde på andre siden av den ruta jeg tittet inn i.
- En bil som kjørte på rødt lys og en politibil som fulgte etter med blålys så fort det ble grønt.
- True blood
- Bunnen i et ølglass
- tomt inn i en pcskjerm.
- kinofilmen Man tenker sitt.


Wednesday, November 11, 2009

Chet Baker







La piscine


Ein ting eg vil berømme Frankrike for er at det er så billig å gå i svømmehallen. For ein symbolsk pris får ein plaske rundt med små franskmenn i små badebukser. Alle må ha på badehette, og det er litt fint, for alle ser like rare og uskyldige ut. Eg likar å sjå på dei som kjem ut i hallen, og kanskje føler seg litt bleike og slappe, korleis dei sjenert plumpar ut i vatnet og etterkvart løsnar opp. Og eg skal ikkje sei at eg ikkje ser på korleis herrane ser ut i dei små badetrusene sine. Det eg ikkje likar, er dei som plaskar veldig, for no er me i byen, me bur tett og svømmer tett, og då er det ikkje greit å plaske på naboen. Det beste er etterpå, når ein er ferdig og skal ta på seg skoa ved utgangen, og alle menna i mørke dressar står barfot i gangen. Då er dei søte.

Tuesday, November 10, 2009

The Kiss





"Le baiser" av Wang Du.

Meir av dette, takk.

Tokyo




Eg rotar rundt i alvorspapira mine og kjenner at eg vil vente litt med å være voksen. Papirvoksen på ein kvasomhelst tirsdag. ÅÅÅÅÅH gje meg styrke.

Monday, November 09, 2009

Eg hadde fått nok, og...


Etter ein bedugga heimefest gjekk eg og Anna heim. Her er Annas' eridringar om korleis det heile gjekk til:

"...vi er helt på opprørets rand. Så, da de rullet ned vinduene og begynte å rope til oss fra bilen, klikket hun fullstendig. Hun tok på seg det som for dem må ha virket som et helt monstrøst ansikt og skrek med all sin kvinnelige kraft inn det ene bilvinduet. Så etter at hun hadde stoppet, og guttene hadde reagert i noen lange sekunder, åpnet de bildøra og han ene kom springende ut og han var helt svart i øynene og tydeligvis rusa. Sikkert ikke mer enn atten år. Ropte masse franske banneord og stilte seg i veien for oss, mens Heidi bestemte seg for å fortsette å hyle og på et tidspunkt hylte jeg også og der stod vi tre stykker og hylte og hylte hverandre opp i ansiktet. Heidi, jeg og denne franske gutten..."



bilde her

Sunday, November 08, 2009

1234

1.Svenskane sov hos oss i helga. Det er fordi dei saknar oss, og me saknar dei.
2.Eg og Anna var på bytur og handla inn alt me trengte for veka. Her er handlelista.
3.Eg lurar litt på korleis denne typen butikk blir til. Kanskje ein mann i sin beste alder ligg i senga om kvelden og tenker: "Eg har ein drøm. Ein drøm om å starte min egen butikk, den skal heiter "Bazar", og den skal inneholde ALT."
4.Eg spaserte heim frå jobb. Rue Oberkampf er ei gate i strøket mitt, og den er ein av dei finaste gatene i verden. På vegen såg eg to uteliggarar som holdt rundt kvarandre, og ei dame som prøvde å ta på seg ein for liten sko.

Franskmenn


"Korleis er franskmenna?", spør ofte mine norske venninner. Er det romantikk og franskkyssing? Mykje franskkyssing er det iallefall. Franske gutar er sjølvsikre, dei fomlar ikkje i lomma, dei ser deg rett inn i augene og når dei likar deg seier dei det. Dei kler seg bedre enn du sjølv nokon gong kjem til å gjere og heiter foreksempel Jean-Francois og har brune krøller og store lepper. Dei kan mykje, om historie, politikk, kunst og musikk. På date ser ein ikkje DVD i senga, ein går på museum og drikk vin, han spanderar. Dei er direkte, frekke og sarkastiske, og det er den typen sjarm eg faller så hardt og vondt for. Dei brukar grandiose ord og skriver "je t'embrasse" i tekstmeldingar, og det er klart det blir litt mykje for ei bygdejente som meg, eg seier som Moa; "man är jo bara en liten skogsflicka."

Saturday, November 07, 2009

The Mad Hatter




Eg hadde ein fin bursdag. Det var litt som å være hos den gale hattemakaren i Alice i Eventyrland. Eg fekk ha på prinsessekjole, åpne presangar, me drakk champagne frå Lidl (som me sølte utover heile bursdagskaka, men den vart nesten bedre)og sovna i skei på sofaen.

Friday, November 06, 2009

23

create animated gif
Luggen er for lang og det er hol på strømpelesten, og alt er skeivt og rart og feil, men no er det bursdag og fart og spenning i tusen knop.

Thursday, November 05, 2009

Amelie


Det er fint å sjå Amelie når eg kan forstå kva dei seier, når eg veit kor det er, og veit korleis det kan kjennes å være ensom og rar i Paris.

"I went to the bedroom and lay on the floor, so as not to mess up the covers."



Miranda July♥

Wednesday, November 04, 2009

Leksepause

No tenker eg at du som les dette kanskje sit heime åleine, med lekser, eller noko anna kjedelig og forpliktande. Og at du kanskje klikka deg inn på Kval&Actionfilm for å ta ein pause frå leksene, i håp om å høyre ein saftig historie om litt ekte fransk amour. Og det er klart du skal få:

I dag, då eg satt på ein av favorittkafeane mine, var det eit anna par der som tydligvis var på stevnemøte. Når ein er på stevnemøte er det ofte litt anspent og høflig, sjølv om ein egentlig berre har lyst til å være avslappa og sei "eg likar deg". Sånn var det med dette paret. Heilt til dei skulle gå. Då dei gjekk opp trappa som førte ut av kafeen berre stoppa dei, midt i trappa, og kasta seg over kvarandre. Og der stod dei og kyssa lenge, midt i den smale, lange trappa.

Tuesday, November 03, 2009

06:00




Det er fint når en legger en plan, som man klarer å holde til tross for at det er sterke faktorer som jobber i mot. På mandag var det sånn. I mangel på det meste som pleier å finnes i et kjøleskap, bestemte jeg meg søndags kveld for at jeg skulle stå opp grytidlig mandag for å varte meg selv opp med frokost på kafe. Kvart over 7 satt jeg med en god kopp kaffe og et rundstykke. Det var akkurat slik jeg ønsket at det skulle være, det regnet og var kaldt ute, fortsatt mørkt fra natten, våt på terne, men de tørket mens jeg satt der. Rolig musikk og ikke så mange andre kafegjester. Jeg brukte god tid, så ut på alle pc-veskene og take-away kaffene som hastet forbi ruta, på vei til kontor. Brødet var verdens beste og jeg fikk gratis påfyll på kaffen.
Jeg er glad jeg sto opp, timen på kafe var så mye mer verdt enn å snu seg rundt for en time til på øyet.

4-ever

I dag er det grått i Paris, eit tungt skydekke ligg over heile byen, og trenger inn gjennom vinduet og legg seg som eit lag over heile leiligheten, tilværelsen og meg. Eg har vore heime å venta på ein pakke på døra (La Poste France, go home). Hannah kom på besøk og me drakk te og såg film i denne rekkefølgen:

-Requiem for a dream
-Garden State
-Lilja 4-ever

Klart ein blir litt melankolsk av den lista.

Hannah såg ei mus i trappa, noko som førte litt at eg rydda, vaska og vakumpakka leiligheten. Anna syns berre tanken på musa var søt, og det hjalp litt.

I morgon blir det meir fart, for då skal eg gjere mange spennande ting, og skyene kan leggje seg over meg så gråe dei berre vil, og så er det torsdag, og så har eg bursdag.

Blog Archive

Follow that blog!